|
På fisketur med NRK P3 Den 26. april 2006 hadde eg med meg 3 kjekke ungdomar på fisketur til Eiksund. Det var Ludvig Løkholm Levin, Filip Eidsvåg og Ellen Havåg Bjørlo. Ludvig var i Volda for å dekke Norsk dokumentar-filmfestival for NRK P3 og hadde fått i oppdrag å lage ein reportasje om ein fisketur på Sunnmøre. Via kjente tok dei kontakt med meg og eg ville meir enn gjerne syne dei vårt fantastiske distrikt. Ellen, busett i Innvik, men med mor frå Havåg i Eiksund var mest på heimlege trakter så kva var meir naturleg enn å legge turen dit. Då vatnet ennå er kaldt og torsken ikkje har trekt fram på grunnene for å beite, var eg spent på om vi fekk fisk, men det vart god fangst noko bilda under syner. Vi hadde ein kjempeflott tur og veret var så absolutt på vår side sjølv om meldingane sa noko heilt anna. |
|
Litt av dagens fangst, til saman ca 10 kg. taretorsk teken i Eiksund |