|
Saga 27 - "tidenes norske båt"
med ny motor innsett nov. 2007

Eg har i mange år drøymt om å få kjøpe meg ein Saga
27. I oktober 2003 vart denne draumen til virkelegheit. På http://finn.no
dukka den opp ein dag og det vart ein rask handel. Båten
har etter det eg veit i dag, hatt 2 eigarar før meg. Det er ein 1986
modell med ein Yanmar 55 hk turbodiesel, også frå
1986. Motoren var gått 1800 timar då eg kjøpte den, og selgar
forsikra meg om at motoren var i god stand. Det er klart at når ein ny båt kjem i hamna så
er ein nyfiken etter å prøve. Dei aller fleste hadde vel teke på
land så seint på hausten, men eg måtte ha den i hamna slik at eg fekk
bruke den. Sidan i oktober 2003 har eg gått 500 timar med den. Eg
har vore ute i storm og stille så eg har fått prøvd kva den er god
for. Eg er svært nøgd med det aller meste, men enkelte ting kunne
eg tenkt meg litt annarleis, men det rettar eg på undervegs.
Båten er utstyrt med silva kompass, ekkolodd, Garmin GPS
map 76S og kartplottar. Den har tenfjord styremaskin og dieselvarmar,
kjølevassvarmar, elektrisk vasstoalett, kjøleskap, 140 l ferskvasstank
og 360 l bunkers fordelt på 2 tankar. Den har ca 200 kg ballast i
kjølen fordelt rundt i båten. Bladet "Båtliv"
oppmoda i år (2005) sine lesarar til å vere med på å kåre
"tidenes norske båt" Då røystinga vart avslutta, viste
det seg at det var trufaste Saga 27 som stod det norske båtfolket sitt
hjarte nærast. Vinnaren vart presentert under "" Den
aller første Saga 27 ble utstilt på Sjøen for alle-messen i 1969. Den
gang kostet den 48.000 kroner. Til nå er det produsert over 5000 av denne
båten, og prisen for en splitter ny Saga 27 ligger i dag på 646.000
kroner og oppover. Ny
motor!
I oktober 2007 bestemte eg meg for å investere i heilt ny motor i Sagaen.
Stadige problem med blå røyk (I dag har eg endeleg fått vite at det
mest sansynleg skuldast for mykje diesel på tomgang) gjorde sitt til at
eg bestemte meg for å skifte til ny maskin. Eg fekk eit akseptabelt
tilbod hos Remvik&Sandal i Ålesund og den 21. november leverte eg
båten til verkstaden. Det vart innsett ein Yanmar 72 hk 2007 mod med 16
ventilar. 06.12.07 Eg henta båten i dag. Den
gjer i underkant av 14 mil på 3100 omdr. Marsjfart er 10 mil. Eg er
svært nøgd med det arbeidet dei har gjort hos Remvik&Standal. Alle
avtalar som var inngått har halde seg oppatt. God servise av hyggelge
personar. Kan anbefalast!! Under kan du sjå litt av jobben med å sette
inn ny motor. Den gamle er solgt.
1. service etter 40
timar. 19.02.08
Ein ny motor skal ha service etter ei gangtid på mellom
25 - 50 timar. Då blir det skifta olje, oljefilter, gearolje og
sjekking av kjølevatn. Vidare vert flensboltane tekne ut for å
sjekke innrettinga mellom gear og propellaksel og alle skruar og
slangar vert gjennomgått. Servicen tok 3 timar. Det som er minst
like viktig er sjekking og vedlikehald før og etter at motoren er
brukt. Eg har laga meg ei sjekkliste som eg fyller ut før eg
startar motoren og etter at den er stogga. Ved å følgje denne
lista er eg sikker på at eg ikkje overser noko. Sjekklista
er du velkomen til å bruke. Ved å endre overskrifta passar den til
alle motorar. |
 |
 |
 |
| På veg mot Kolvika til
Remvik & Standal sin marina |
Fortøyd og klar til
service. |
Her blir den gamle oljen
sugd opp og ny påfyllt. |
|
Ny motor, desember 2007
Type: Yanmar 4JH4-TE ZF30M
Mod. 2007, 72 HP v/ 3200 omdr |
 |
 |
 |
| Motoren er på 72 HK v/ 3200 omdr.
Tekniske spesifikasjoner finn du her |
Motoren er komen på plass. |
Motorboltane blir trekt til. |
 |
 |
 |
| Meir motor |
Remvik & Standal sin verkstad i Kolvika
som utførte arbeidet |
Nytt sjøvassinntak, ny flens og ny
pakkboks. |
| Nyemotoren etter å ha gått 7 timar.
Alt fungerer perfekt. Tomgangsturtall er 800 omdr. Det gir ei fart på
båten på 3,8 NM.På full fart . 3100 omdr. går båten litt i
underkant av 14 NM. Dette er flott for ei snekke som Sagaen
er. . Motoren skal gå 50 timar før 1. service |
Turbodelen |
Gearkassa er saltvasskjølt. |
|
 |
|
|
Som navigasjon og hjelpeutstyr har eg:
Raymarine A65 kartplottar m. digitalt ekkolodd.
Eagle analogt ekkolodd for grunnare farvatn. Instrumentpanelet har
vidare: Oljetrykksmålar, temperaturmålar, dieseltankmålar, ferskvatnmålar,
voltmeter, inne-og utetermometer, alarm for vatn i dieselen, alarm
for sjøvatn i maskinromet og brytarpanel
for alle lys,vifter,pumper og varmeapparat. Sjølvsagt er det også
eit Silva kompass ombord. |
|
 |
 |
 |
| Delane til varmevekslaren.
Denne består av hus,register og endestykker m/tetningsring |
Innvendig i vekslarhuset.
Her skal det vere heilt reint. |
Registeret kan lett bli
tett etter lang tid av saltkrystaller frå sjøvatnet. Ein tynn
børste kan brukast til å rense pipene. Her var det ikkje
mykje galt. |
 |
 |
 |
| Tekniske data på motoren,
avfotografert frå varmevekslaren |
Oljekjølaren består også
av ein innvendig og utvendig del der kjølevatnet sirkulerer rundt
eit spiralregister som oljen går i. Denne må også sjekkast og
gjerast rein |
Oljekjølar reingjort og
lakka, klar for montering. |
 |
 |
 |
| På hø.festelippe til dieselpumpa sit
tennmerket for høg og lav tenning. Dette må stemme overins med det
som er innstilt frå fabrikken. |
På svinghjulskåpa er det eit hol slik
at ein kan sjå tenningsmerket på 1. cylinder når stempelet er på
topp. |
Ventilseta er utskiftbare, men dei ser
unekteleg fline ut etter 20 års drift. Her er det kun polering med
fin slipepasta som trengs. Då eg skifta nye ventilar vart desse
innslipte for å passe godt til ventilseta. |
|
|
|
 |
 |
 |
| Topploket er nettopp teke av og det er
ikkje mykje sot etter 20 år. Her var det berre å slipe lett med
fint slipepapir. |
Cylinderveggane er fine, uten riper og
eg kunne ikkje kjenne nokon form for slitekant. Det var berre eit
tynt belegg med sot øverst oppe. |
Det vart skifta nye tetningsringar på
alle ventilane. |
 |
 |
 |
| Det er veldig viktig at fjørene og
ventilane kjem på plass i rett ventilsete dersom ein ikkje skiftar
nye ventilar slik eg har gjort. Fjørene må likevel på rett plass. |
Innsliping av ventilar. Dette var før
eg bestemte meg for å skifte til nye ventilar. Ventilane kosta kr.
169,- pr. stk.+ mva. Grunnen til at eg skifta var at enkelte av
exhaustventilane var delvis brente, noko eg såg ved grundig
undersøkelse |
Toppen ferdig og grunna til lakkering. |
 |
 |
 |
| Klart for å ta av dieselpumpa for
innlevering til dieselpumpespesialist. |
Denne reparasjonen vart utført då
maskina var gått 2818 timar. |
Toppen er ferdigmontert med
nye ventilar og ventiltetningsringar. Innsugningsmanifoldet er gjort
reint og alle deler er lakka og klar for montering. |
|
 |
|
|
Ferdig montert og klar til
prøvekøyring.
Reparasjonen kosta ca. 6000 kroner |
|
|
Tekniske detaljer på
gamlemotoren og i båten. |
|
|

|

|
|
| Maskina er ein Yanmar 4JH-TE
turbolada diesel med byggeår 1986. Den har no gått 3100 timar og
fungerer godt, botsett frå at den ryk ein del når den startar på kald
motor. |
Maskinromet på Saga 27 kunne nok vore ein del større.
Det er nokså kompakt, alt etter maskinstørrelsen
|
Sjølvstartaren på Yanmar er bortimot
usliteleg. Ved inspeksjon etter 3100 timar er det faktisk ikkje synleg
slitasje. Det er viktig med regelessig ettersyn og smørjing av bendixdrev
og aksel. |
|

|

|
|
|
Dynamoen er ny, men den og vil halde i mange år dersom
den blir stelt etter foreskrifta. Det er umåteleg viktig at ikkje
tenningsnøkkelen blir slått av før maskina er stogga. |
Ventilinspeksjon. Det er ikkje mykje
sotavleiringar her. Viktig med filterskift, oljeskift - og rett olje
kvar 100 gangtime. Då vil motoren gå uavbrote i fleire tusen timar til. |
Motorromsluftinga kjem opp på styrbord side. På babord
side er det utluftingsvifte med ein kapasitet på 2,8 m3 pr. min.
Det er svært viktig med rikeleg luft i motorromet for å få ei skikkeleg
forbrenning. |
|

|

|

|
|
Saltvassinntak på styrbord side akter med
propellakselen. Det er tilkobla sjøvassfilter for å hindre
slam i vekslaren. |
Turboen fungerer godt. Har vaska den med
oppvaskmiddel og reint vatn medan maskina gjekk på eit lett
turtall, Dette er ei fin metode å halde den rein på. |
Ferskvasspumpa står på skottet innmot toalettet. Den
har rileleg kapasitet men ein bør påsjå at den er tømt når båten
ikkje er i bruk om vinteren. |
|

|

|

|
|
Ferskvasstanken er på 140 l og ligg under dørken
framme i salongen. At den ligg så djupt gjer at vatnet ikkje frys om
vinteren når båten ligg på sjøen. Den bør rensast med jamne
mellomrom. |
Toalettet har elektrisk pumpe som sender avfallet til
ein septiktank på babord side under skuffeseksjonen. Derifrå blir det
pumpa manuellt i sjøen når båten er i rom sjø. |
Styrekult og naudstyring er å finne under benken heilt
akter. Det er Tenfjord styremaskin i båten. Det er viktig at
rorkulten vert smurd ein gong i blant gjennom greasekoppen på rorhylsa. |
|

|

|
|
|
Hovudbrytarane er plassert under fremre dørkluke i
kabinen. Desse må aldri slåast av når maskina er i gang for då ryk
dynamoen. |
Ute i styrbord side ved styreposisjonen er dieselvarmaren
plassert. Den fungerer heilt topp og er termostatstyrt. Den gir
varme til heile båten.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Diverse bilder av Sagaen frå eg
henta den i oktober 2003 |
|