| Orkanen
1. januar 1992 |
| "Den 1. januar 1992 var dagen då det mest utruelege skjedde. Dagen er historisk. Ein heil landsdel vart heimsøkt av den verste orkanen som nokon gong har herja landet, så langt ein veit av. Aldri har ei naturkatastrofe gjort større materiell skade. Gardar og grender vart raserte. Landskapet skifta andlet, og i ruinhaugane låg offera att. Kva hende? Korleis opplevde menneska det som skjedde? Og korleis møter samfunnet ei krise som denne?" Så langt Oddgeir Bruaset i sitt forord til boka Orkanen som kom ut i juni 1992.
I dag 14 år seinare er det ikkje så vanskeleg å setje seg inn i kva dei har opplevd alle dei tusener av menneska som i løpet av nokre sekunder mista alt dei eigde, både av familie, vener, heim og samfunn. Sjølv om det vi opplevde denne nyttårsnatta ikkje på nokon måte kan måle seg med det som hende 2. juledag 2004 i Sør Asia, så var det likevel mange av oss som kjenner att fortvilinga og smerten. Vi var mellom dei som vart offer for orkanen. Skadene var på ingen måte slik mange opplevde dei, men dei gjorde sterkt inntrykk likevel då både løa, huset, garasjen, vedhuset, naustet og hamna vart mykje skada. Etter god hjelp frå ei trufast familie, slekt og vener som stilte opp, var dei fleste såra lekte utpå sommaren 1992. Likevel sette ikkje orkanen spor berre i naturen, men også i mangt eit menneskesinn. Personleg var eg på vakt kvar gong det var meldt uver i mange år etterpå. Under er ein liten bildedokumentasjon av det som skjedde. Filmbitar
frå orkanen teke av NRK kan du
sjå her. |
| Over 40 taksteiner forsvant. (foto Svein Bratteberg) | Av låven var det stort sett berre bindingsverket att. (foto Svein Bratteberg) |
| Deler av låvetaket skada vedskjulet. Båten i bakgrunnen var uskadd. | Resten av låvetaket og veggane bles utover marka og til skogs. |
| Med god hjelp av sønene mine var låven restaurert til sommaren | Hausten 1991 sette eg snekka på låven for at den skulle stå trygt. Den var heilt uskadd. (foto: Albert Steinnes) |
| Båthamna vart totalt rasert. foto: Albert Steinnes | Våren 1993 var den bygd oppatt og då høgre og
sterkare. |
| |
| Det
er ikkje triveleg å vere på Steinnes når det bles orkan frå
vest/sydvest. Husa ristar og skjelv og av og til må eit tre gi tapt
|