|
Dieseldyr og anna dritt i drivstofftankane. |
|||
| Du har nettopp sjekka vassavskiljaren på
dieseltilførselen. Det kom nokre dråpar vatn, ingenting å bry seg om.
For sikkerheits skuld skrur du ned botnen og finn at det i
oppsamlingskoppen er noko gråsvart skit som du renser bort. Alt i
orden! Dagen etter skal du på sjøen, været er passe rufsete men
ikkje noko å bry seg om. Skal berre på ein fisketur i kjent farvatn. Det
bles opp og bølgjene byrjar å bli store. Båten rullar og og kastar på
seg. På tide å kome seg heim. Brått går turtallet på maskina ned, du
misser krafta. Kva er galt? Har noko kome i propellen? No er gode
råd dyre, skal tru om maskina stoggar. Med redusert fart og stadig mindre
kraft i maskina kjem du endeleg i hamn og kan puste letta ut.
Omtrent slik artar det seg når dieseltankane er
infisert av dieseldyr. Bakteriane dannar grå eller svarte slimaktige
samansetjingar som tettar effektivt filter, og i siste instans gjer at
maskina stoggar. I eit gram kan det påvisast millionar mikroorganismer
eller dieseldyr. Det gråsvarte belegget du såg i vassavskiljaren var nok
døde dieseldyr som hadde klumpa seg saman. Ein slik klump i seg sjølv
kan stogge effektivt drivstofftilførselen dersom han kjem inn i røret.
Dersom denne forurensinga får vere i tankane, vil den i siste innstans
kunne skade tanken, dieselpumpa og dysene. Men det aller verste som kan
skje er at du er langt til havs og dette skjer. Då kan det gå skikkeleg
galt!!
Her er det berre ein ting å gjere. Foreta ny fullstendig
reingjering av dieseltankane. Dieselen må pumpast ut, tankane må gjerast
reine og vaskast og nytt drivstoff fyllast på. Eg veit om berre eit
middel som er effektivt nok til å ta knekken på forurensinga og det er Bio-Protekt
2. Dette stoffet bør doserast i tankane med ein startdose på 1 :
2000 og deretter ein vedlikehaldsdose på 1 - 5000. Dette vil koste omlag
10 øre pr. liter, men det er vel verd det. Lykke til!
|
| Tilkoblingsflens for styrbord tank. Dieselmålar, stigerør og returrør | Styrbord tank | Babord tank |