|
Eg visste, etter det far fortalde meg, at bestefar Albert Andersson Steinnes var levande interessert i båtar og sjøen. Han eigde og var medeigar i 3 båtar. Det meste av livet var han på fangst og fiske og han hadde ein liten verkstad i kjellaren for dreiing og snekkring. Vi som er etter han har stort sett dei same interessene. Arven kan ingen kvitte seg med, og for oss etterkomarane har det vore ein god arv å ha med seg. Fred over bestafar sitt gode minne. |
BESTEFAR ALBERT SINE BÅTAR |
|
||||||||
|
________________________________________________________ |
_____________________________________________________________________________ | |||||||||
|
"FANGSTMANN" "Fangstmann,"
med reg nr. M-4-Ø
var bygd i 1870 og ved registreringa første gong i 1920 fortel
fortegnelsen dette om båten:
Den var: 22 for lang, 6 fot brei og 3,5 fot djup.Hadde ein Tenfjord motor på 3
hk. "EGIL" Rundt
året 1923 kjøpte Steinnes-karane inkludert Jakob S. Raudøy fiskebåten
”Egil” av Johan 1.
Albert Andersson Steinnes tok opp eit lån på 4000.- kroner ved
Volda og Ørsta Sparebank den 27. desember 1923, med lovnad om å betale
det tilbake på seks månader. 2.
Jakob Sivertson Raudøy tok opp eit lån på 5000.- kroner ved
Volda og Ørsta Sparebank den 27. desember 1923, med lovnad om å betale
det tilbake på seks månader. 3.
Rasmus Andersson Steinnes (far til Sivert, 25 år og utan eigedom)
tok opp eit lån på 7000.- kroner ved Norges Kreditforening for Land- og
Skogbruk den 28. juni 1923. 4.
Elias Sjurson Bjørneset frå Volda tok opp eit lån på 1500.-
kroner ved Volda og Ørsta Sparebank den 13. mars 1923, med lovnad om å
betale tilbake på seks månader. I lånet til både Albert og Jakob er
det vist til dette lånet. I "Fortegnelse over Merkepliktige Norske Fiskefarkoster av 1936" har eg henta desse opplysningane om Egil:
Registrert som: M 20 Ø
"AXEL" "TORA"
|