|
Frå Tjøtta og nordover går det ein lang landtunge. Her
driv staten Bioforsk Nord og har hundredevis av storfe som beiter i
dette området. Bioforsk held til på den tradisjonsrike Tjøtta gård
som i sin tid var heimstaden til Øyvind Skaldespillar og vikinghøvdingen
Hårek frå Tjøtta. |
Midt i dette vakre natur-landskapet, ca 3,5 km frå
Tjøtta ligg Tjøtta internasjonale kyrkjegard. Her er dei lagt
til kvile dei aller fleste russiske
krigsfangane som døde i
tysk
fangenskap i Nord-Norge under siste krig. |
I alt 7551 minneplate finn vi på
denne gravlunden som er innegjerda
som eit flott parkanlegg.
Fred over alle sitt minne. |
17. juli reiste vi vidare mot Sandnessjøen. Vi passerte
Alstadhaug kyrkje med sin karakteristiske løkkuppel. Då det blåste ein
god del nordavind som gjorde landstiging vanskeleg, tok vi turen tilbake
pr. bil frå Sandnessjøen dagen etterpå. |
Sandnessjøen er ein triveleg by i passe
gå/sykkelavstand frå gjestehamna.
Her spanderte vi på oss ein god middag
på ein uterestaurant. |
PetterDass-monumentet på torget i Sandnessjøen. |
18. juli tok vi leigebil for å
besøkje Alstadhaug Prestegård og
museum. Petter Dass (1647 - 1707)
var prest her frå 1689. Ingen veit kvar han er gravlagt men ein
reknar med at det er her ved Alstadhaug Kyrkje. |
Petter Dass museumet er storstått
i all sin prakt. Dette er verkeleg
verd eit besøk. |