|
Ørstaheimen min arbeidsstad frå 1999 - 2007 |
|
|
| Ørstaheimen er ein helseinstitusjon med plass til 82 pasientar
fordelt på 76 rom. Opprinneleg var dette to institusjonar, Ørsta
Aldersheim (bygget til venstre) og Ørsta sjukeheim (bygget til
høgre) Gjennom dei siste 6 åra har bygningane blitt totalrenovert
og eit nytt tilbygg (midtbygget) vart teke i bruk i 2000. Alle bygga er
samanbundne med korridorar. I dag er Ørstaheimen den største
enkeltarbeidsplassen i Ørsta kommune med 76 årsverk fordelt på ca 145
tilsette og eit driftsbudsjett på 34 mill. . Som du ser av bildet så
ligg heimen vakkert til under Nivane og har adresse: Håkonsgt. 78. E-postadr
til driftsleiar: inger.liadal@orsta.kommune.no |
![]() |
![]() |
![]() |
| Bygg nr. 1 vart totalrenovert i 2003-2004 og vart teke i bruk til 17. mai i år. Opprinneleg så var det i dette bygget plass til 40 pasientar, men etter oppussinga så er det plass til 27, fordelt på 3 åttargrupper i 2. etg. I 1. etg. er administrasjon, eit dagsenter med plass til 10 pasientar og eit sentralvaskeri. | Bygg 2 vart påbegynt i 1998 og var innflyttningsklart i januar 2000. Bygget har plass til 33 pasientar fordelt på 4 åttargrupper. I 1. etg. er det ei skjerma avdeling for demente (16), medan 2. etg. er Rehabiliteringsavdeling. (17) For tida er denne avd. av økonomiske grunnar ei vanleg somatisk avdeling. | Bygg 3 vart totalrenovert i 2001 og innflyttningsklart i januar 2002. Dette var som sagt den gamle aldersheimen med plass til 32 pasientar, inkludert ei 8 sengs skjerma avd. for demente. I dag er det avd. Solkroken som har heile 2. etg. med plass til 22 pasientar, medan det er internvaskeri i 1. etg. og Heimebasert omsorg i 3. etg. |
Tekst og foto: Albert Steinnes okt. 2004-2007