|
"SC BALTIC" PÅ GRUNN Det var den 13.mai at frakteskipet "SC BALTIC" gjekk på grunn rett i sydaustsida av Yksnøya i Vartdalsfjorden på Sunnmøre. Kva som var årsaka til grunnstøytinga kjenner eg ikkje til, men det må ha vore ein temmeleg alvorleg svikt når grunnstøytinga kunne skje her i reint farvatn, midt på dagen og med god sikt. Dersom grunnstøytinga hadde skjedd nokre meter lenger mot vest hadde det vorte eit temmeleg ublidt møte med fjellveggen. Sunnmørsposten skriv dette på nettsida si. |