Vår nye båt - Saga 29 LS - mod. 2003

Vi har vorte eigar av ein Saga 29 LS, mod 2003. Då vi brukar båt veldig mykje og vi har planer om å kunne ta lange turar på vår nydelege kyst, har vi lenge snakka om å få ein større båt. Fordelen med denne båten er at den går dobbelt så fort som vår gamle Saga og den har full ståhøgde i alle rom. Båten har hatt 2 eigarar før meg og er særs godt halden av tidligare eigar. Det er ikkje vanskeleg å sjå at tidlegare eigar er ein ordensmann av rang. Når ein skal investere mykje pengar i ein båt er dette veldig godt å vite. Det var ikkje tvil. Skulle vi ha ein annan båt, måtte det bli ein Saga. Kona mi er veldig samd i det. Vi har hatt så flotte erfaringar med vår kjære Saga 27, at det måtte bli ein båt frå bedrifta langt vest mot stadhavet - Saga boats. Som eg har gjort med vår Saga 27, vil også denne båten bli godt dokumentert her på heimesida, kanskje også til glede for nokon som lurer på korleis ein Saga 29 ser ut. Båten er planlagt henta no i januar 2011, mest sansynleg helga 14. - 16. jan. Bilda er tekne med mitt Nikon D90 kamera. 

15.januar 2011. I dag kom båten til hamn i Ørsta. Anders, min eldste son og eg henta den i Masfjorden i går. Vi starta frå Risnes, ca 6 Nm innom Mongstad kl. 15.00 i går ettermiddag og la til ved kai i Måløy kl. 2115. Etter dieselfylling og litt mat starta vi på Stadhavet kl. 22.00. Det bles  friskt frå syd med liten bølgehøgde (1-2 m). Kl. 23.20 gjekk vi inn til Kvamsøya, trøytte og slitne etter ein til dels frisk tur oppover kysten. Båten er veldig god noko vi fekk merke over Sognesjøen med sjø på styrbord baug og kraftig straum. Anders hadde ansvar for navigasjonen, noko han gjennomførte sikkert og godt. No gled eg meg til mange flotte turar saman med kona mi på vår fantastiske langstrakte kyst. 

Megert vakkert skrog med flotte linjer Badeplattform med snapdaviter. Svært velhalden og påpassa salong. Buesofaen har plass til 4-5 vaksne personar. I tillegg til store front og sidevindauger, gir dei store taklukene mykje lys.
Styring av ror, motor og baugtruster på uteplassen bak. Motoren er utan samanlikning, båten sitt hjarte. Ingenting i ein båt fortel meir om eigaren enn korleis motoren ser ut. Dette er ein Yanmar 4LHA-STP som yter 222 hk. Dobbel lydisolering gir lite støy i båten. Gangtid: 714 t Over framlugaren er det luke med skjerming og myggnetting og luftventil. Ekstraseng heilt framme i baugen, mest berekna på barn, men den kan godt brukast til hylle for ekstra sengetøy.
Sovelugaren forut. Her er god plass til 2 vaksne i kvar si seng.  

Styrbord køye i framlugaren med skap og hylle

Under salongen er det ei stor god dobbeltkøy med leselys over kvar liggeplass. Romsleg toalett med dusj ved sidan av toalettskåla. Det er både varmluft og god ventilasjonsvifte på badet
Det er full ståhøgde for den nye eigaren, dvs. over 186 cm. Flott styreposisjon med alle nødvendige funksjoner lett tilgjengelege. 2 store takluker gjer det lyst i salongen. Den stolte skipper! :-))
Raymarine Kartplottar RC 435 Byssa er praktisk oppbygd. Vindauget over benken er delt og kan latast opp. Praktisk med tanke på damp. Romsleg buesofa på bb-side Romsleg nedgang til sovelugarer og toalett.
Batteribank. 3 x 115 Ah

 

Ny batteriladar måtte til då den orginale hadde slutta å virke. Denne er på 25 Ah og har 3separate +utgangar. Tank for varmtvatn, landstraum og septiktank, styrbord side akter. Hydraulisk styring med naudror.
Handpumpe for tøming av septiktank. Reint praktisk kunne denne pumpa vere montert ein annan stad. Romet akter er ganske stort og har plass til ein god del ting undervegs.  Her er også bra tilgong til gearet for skifting av olje og service. Ebersprecher D4, 4 kw srår i styrbord side ute.

 

Det mangler desverre ankervinsj på båten men dette skal eg ettermontere. Eit skikkeleg bruse-anker og tau følgjer med. 4-blada propell gjev meir vibrasjonsfri gange Tekniske data for båten

 

Tekniske data for installasjonen

 

Koseleg uteplass med bord og stolar i tre. Her går det radig unnan. I heimehavn

 

Hamna er ikkje stor, men djup, trygg og god. Flota i hø. bildekant er barnebarna sitt prosjekt.
Båttur til Ulsteinvik 22. - 24. januar Påhengsmotoren som følgde med gummibåten Den er på 4 hk Bildet er eit illustrasjonsfoto av gummibåten som følgde Sagaen.