|
Storm på Sunnmørskysten 29. august 2005 Samtidig med Katrinas enorme herjing i Florida, der byen New Orlins er truga med total øydelegging, fekk vi haustens fyrste storm på Sunnmørskysten. Det var meldt opptil sterk storm, men det vart sagt at i kasta var den opp i orkan styrke. Dette kan eg skrive under på. I skrivande stund veit eg ikkje om øydeleggingar her, bortsett frå ein del båtar som hadde slite seg, kanopadlarar som fekk problem i Geirangerfjorden og 4 tyske turistar som fekk problem, men det gjekk heldigvis bra til slutt med alle. Bilda under viser litt av intensiteten den timen det var som verst her på Steinnes.
|
|
Eg var ei stund redd for bilane som vi hadde parkert godt bakom uthuset |
På Vartdalsfjorden gjekk båttrafikken som vanleg trass i den sterke vinden. |
Båten til naboen sleit hardt i førtøyningane, men dei heldt. |
![]() |
||
| Bildet talar for seg | ||
| Til toppen av sida |